Miljøstatus i Noreg  |   Miljøstatus i fylka  |   Miljøstatus i kommunane  |   Om nettstaden  |   Sidekart
Hovedside
Herdla

 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
Flyfoto over Herdla. Foto: Ingvar Grastveit


spesielle_naturvernomrader_vadere_herdla
Brushøns på Herdla. Foto: Ingvar Grastveit
Rikt fugleliv på Herdla
Desse verneområda heilt nord i Askøy kommune vart oppretta 1985, etter å ha vore mellombels verna sidan 1980. Herdla er ei endemorene (del av raet) og representerer ein sjeldan naturtype på kysten av Hordaland. Staden er særleg kjend for det rike fuglelivet. Viktigast er staden for trekkande vadefuglar om hausten og overvintrande dukkender på Herdleflaket. Store delar av reservatet er oppdyrka, og representerer dyrkingsjorda for det største gardsbruket i Hordaland. Det er bygd to fugleobservasjonshus i reservatet. Herdla var flyplass under siste verdskrig, og det finst mange krigsminne i området.
 
Forvaltningsplan for å samordne mange interessar
Øya Herdla er i dag eit særs populært utfartsområde, og presset på verneverdiane har auka sterkt dei seinare åra. Ei rekke nye bruksformer og aktivitetar har kome til, og trongen for ei betre samordning av desse er tydeleg. Fylkesmannen arbeider for tida med ein forvaltingsplan for desse verneområda. Her vert det lagt opp til ei god harmonisering av fuglane sine krav til leveområdet og bruken av dei same område til naturoppleving og rekreasjon. Visjonane for denne forvaltingsplanen er store, og tanken er å skape ein attraksjon for lokalbefolkning og tilreisande, der høvet til å oppleve dei spesielle naturverdiaene ved Herdla er eit sentralt element.
Temabilde

Bookmark and Share
Ansvarleg redaktør: Fylkesmannen i Hordaland
Miljøstatusredaktør: Astrid Holte, Fylkesmannen i Hordaland, Pb 7310, 5020 Bergen, tlf +47 55 57 20 00
Sist oppdatert 16.10.2008 : Fylkesmannen i Hordaland