Kusymra - fylkesblomsten
 |
|
Kusymre Foto: Rune Roaldkvam |
|
Kusymra er også ein typisk vestlending, som har tyngdepunktet i utbreiinga si i Hordaland. Mest vanleg er den i lauvskog, men den finst og langs bekkekantar, i eng og jamvel på dyrka mark. Namnet kusymre heng saman med sommar. I gamle dagar brukte dei bløminga til kusymra som eit teikn på at no var sommaren komen så langt at kyrne kunne sendast på beite. Men kusymra blir ikkje beita av kyrne. Den er nemleg giftig, og stoffet saponin frå planten vart i folkemedisinen nytta som sveittedrivande og slimløysande middel.
Koronitt - fylkessteinen
 |
|
Koronitt Foto: Miljøvernavdelinga |
|
Koronitt er ein anorthositt med såkalla korona-struktur, og er ein særeigen bergart for delar av Hordaland (særleg Bergensområdet) og Indre Sogn. Den er å finne mange stader i dei såkalla Bergensbogane, og ofte i gode førekomstar. Den opptrer gjerne i nærleiken av gabbroar og gneisar. Anorthositt er ein størkningsbergart, som er danna under svært høgt trykk og temperatur. Koronitten er kvit/bleiklilla av farge med jamstore, grove korn. I den homogene grunnmassa er det tilfeldige korn av raud granat og pyroksen. Koronitt vart valt til fylkesstein i Hordaland på midten av 1990-talet etter initiativ frå Norges Geologiske Undersøkelser.