Miljøstatus i Noreg  |   Miljøstatus i fylka  |   Miljøstatus i kommunane  |   Om nettstaden  |   Sidekart
Hovedside
Miljøgifter


Eit stoff vert rekna som ei miljøgift dersom stoffet kan skada miljøet sjølv ved lave konsentrasjonar eller i små mengder. Fleire miljøgifter har dessutan den eigenskapen at dei hopar seg opp i t.d. feittvev og på den måten også vert meir konsentrerte di lenger opp i næringskjeda vi kjem.
Miljøgifter er framleis eit stort problem

Hordaland har stor skipstrafikk samanlikna med resten av landet. Mykje trafikk går til og frå olje- og gassterminalane på Mongstad og Sture/Kollsnes. Skipstrafikk og industri er dei største kjeldene til akutte utslepp av miljøgifter.

Grave- og byggearbeid kan spreie miljøgifter. Ei undersøking i Bergen har vist at jorda i sentrum er forureina med fleire miljøgifter.

 

Aktive og nedlagte verftsområde er ei kjelde til forureining av grunn og sjøbotn som gjerne har pågått over tid. Det gjer det vanskeleg å finne den ansvarlege for opprydding.

Kosthaldråd i fleire sjøområde
På grunn av tidlegare utslepp frå til dømes industri, har skaldyr og fisk nokre stader så høgt innhald av miljøgifter at dei ikkje bør etast. I vårt fylke er det fleire stader der det t.d. er forbode å selje fisk eller skaldyr som er fiska i området.
Noko opprydding er gjort, mykje gjenstår

Kartfesta miljøinformasjon, til dømes oversyn over verna område og friluftsområde, saman med lokalkunnskap, er viktig for å ha ein god beredskap mot akutt forureining.

 

Det er sett i gong tiltak på fleire nedlagde fyllplassar i Hordaland. Eit døme er Slettebakken i Bergen, der det vart fjerna massar i samband med bygging av Bybanen.

Det er alt lagt ned store ressursar i opprydning av forureina fjordområde. Både rundt Haakonsvern og inst i Sørfjorden er det sett inn tiltak for å hindra at miljøgifter som finst i sediment vert tilførde næringskjeda. Neste etappe i denne oppryddinga i "gamle synder" er tiltak for å koma forureininga i Bergen hamn til livs. Les om tiltaksplan for Bergen havn her.
 
Fylkesmannen i Hordaland fører elles tilsyn med produkt og avfall som inneheld prioriterte miljøgifter. Tilsynet er risikobasert. Det vil seie at vi kontrollerer der det er mest truleg med brot på regelverket, og der verknaden på miljøet er størst. Tilsynet har dei seinare åra vore retta mot polyklorerte bifenyl (PCB) i bygg; isolerglasruter og kondensatorar i lysarmatur. Vi har kontrollert korleis ei rekkje bransjar handterer kjemikaliar: bygg- og anleggsbransjen, plast- og plastbåtindustri, reinseri, bil- og billakkeringsverkstader, verft, notvaskeri m.v.
 
Temabilde

Bookmark and Share
Ansvarleg redaktør: Fylkesmannen i Hordaland
Miljøstatusredaktør: Astrid Holte, Fylkesmannen i Hordaland, Pb 7310, 5020 Bergen, tlf +47 55 57 20 00
Sist oppdatert 26.06.2009 : Fylkesmannen i Hordaland